You are viewing [info]inghildlill's journal

October 2009

S M T W T F S
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Links

Syndicate

RSS Atom
Powered by LiveJournal.com

Oct. 13th, 2009

tyggis

Alle har vel sett elevar frå den vidaregåande skulen iherdig skrape laus flattrakka tyggegummi frå fortaua, til inntekt for ein eller annan veldedig organisasjon i anledning operasjon dagsverk. Utover det å konstatere at dette er eit flott stykke arbeid, er det kanskje ikkje så mange som tek seg bryet med å gå djupare inn i denne problematikken. Altså flattrakka tyggegummi på fortaua. Desse opprinneleg kvite, no grå, nærmast sirkulære, små flekkane i gangbana. Eg tenkjer på dette fenomenet, om det kan kallast det, oftare enn den gemene hop, vil eg tru. Først og fremst lurer eg på kven denne ’førstetrakkaren’ er, som ikkje ser klysene med alskens tannstillingar godt innprenta, og som møter fortauet, og klysa, med skosolen like hardt og liketil som vanleg? Det er kanskje det eg undrar meg mest over. Og eg kan vel aldri finne det ut heller, då tyggegummien ser ut til å feste seg på vegen heller enn skoen. For den saks skuld kan det godt hende eg også, ein og anna gongen, har hamna i det uføret å vere ’førstetrakkaren’, sjølv om eg har mine tvil. ’Andretrakkaren’, ja, men aldri ’førstetrakkaren’. For det er noko med det, når tyggegummien allereie er på god veg til å verte eitt med underlaget, er det i grunnen berre å fortsette denne prosessen.

 

Er det grøn Extra, fylte Stimorol, Hubba Bubba eller ein utgamal Sorbits som ligg der? Eg minnest Sorbits, der ein måtte opne pakken frå toppen, ikkje med ein slik fiks raud tråd, kvar tyggegummi var sirleg innepakka i kvit plastikk, med påskrifta sorbitssorbitssorbits… Kven tygga på tyggegummien, for så å seinare spytta han ut? Og det er kanskje her rota til problemet ligg. Jau, det har hendt at den personen har vore meg. Somme stader kan ein verte bøtelagde for slikt, har eg høyrt.    


Sep. 18th, 2009

biletbøker

i dag har eg vore på konferanse om biletbøker. slikt vert ein motiverte av, må vite.
kine hellebust og ragnar aalbu gav inntrykk eg sit att med. dei begge brukar tilknytninga til staden dei har vakse opp på for å få ekstra liv i språket. det er truverdig og trygt å lese og sjå slikt. sjølv om ein vert audmjuke over å møte slike menneske, er det dei same menneska som gjer at du føler du er på rett stad i livet, at du har gjort riktige val. eg er gira.

Sep. 13th, 2009

karlsvogna

karlsvogna er eitt av dei einaste fysisk faste haldepunkta her i livet. den har i alle fall vore det hittil. eg likar det.

Aug. 27th, 2009

no

det er ikkje viljen og lysta til å skrive det skortar på, men heller kunnskapen om blogging. eller rettare sagt viljen til å setje seg inn i operasjonar som er påkrevde for å få til dette med blogging.

given har kome over meg, og eg vel å bruke denne viljen.

eg har nettopp tirra på meg ei av sambuarane mine ved at ballongen eg blæs opp og slo kjekt over rommet, sprakk. slikt kan gjere mykje med eit sinn som ikkje er førebudd. eg skjønar det.
no lagar eg pai til den same sambuaren. blåbærpai. medan denne gjer seg ferdig skriv eg altså blogg. noko eg aktar å halde fram med.

Nov. 29th, 2008

Ein start

Eg har lenge tenkt på å lage meg ein slik blogg. Så kan fleire få ta del i det, til tider, fantastiske livet eg lever. No er eg i gang.